Farmor, fanget hennar, Farfar og melkekaker

Farmor, fanget hennar, Farfar og melkekaker

Farmor var det som på mine kantar fekk den høflege påskrifta "ikkje akkurat nåkå lite menneskje".  Onkel til Mor var kanskje ærlegare når han sa ho var ei "ovgjøa".


Ho var vel rundt 1.70 høg og ikkje langt frå like brei.  Men det gjorde ingen ting. Farmorer skal vera store.  I alle fall mi.


Ho var vaksen opp i tronge kår på Lykling og opplevde den store tragedien i livet sitt når forloveden hennar drukna mens han og broren var ute og fiska juletorsken vesle julafta.  Og Farmor var gravid med Far. Dette var ikkje nåke problem for nåken.  Dei hadde jo vore forlova og det var mest det same som gift.  Ho vart

seinare gift med ein annan bror av han som drukna og Far var sjølvskreven som son i huset.  Trur ikkje nåken tenkte annleis ein gong sjøl om ho og han eg kalla Farfar fekk tre gutar til som vaks opp.


Farmor hadde fang.  Eit gedigent, kjempegodt eit!  Der var det godt å vera, der!  Og så kunne ho fortelja.  Eg trur ho kunne alt som fantes av segner og historiar frå Moster.  Og det var godt å sitja på fanget hennar når ho fortalde om barnedrapet i Televikjå og ungen som gjekk igjen der nede.  Eller katten i Gamlakjørkjå. Hadde eg

ikkje sutte der då så hadde eg vel vorte vetskremd!


Og så kunne ho alt om krydderblanter og medisinske vekster som ho bare gekk ut i naturen rundt seg og hausta.  Stuing av skvalderkål til dømes.  Eller kvann som smaka lakris og var reine, skjære snopen.  Eller groblad om du hadde skåre deg eller

fått ei rift.  Og ho kunne godt leggja seg flat på bakken og hjelpa oss ungane å grava opp jordnèter.  Sjøl om ho sleit litt med å komma seg opp igjen. Eller "Svensamerrå", hesten til naboen, som rende seg inn på ein staur og heldt på å blø seg forderva.  Laura vart henta og blodet vart stoppa.


Og så kunne ho mat.  Det var slik i den tida at alt skulle nyttas og Farmor og Farfar slakta ein sau på hausten og ein gris til jul.  Heimeslakta sjølsagt.  Og me ungane var med.  Det var like naturleg som å gå å fiska.  Jobben vår var å røra i blodet som vart tappa for at det ikkje skulle levra seg og så inn på kjøkenet til

Farmor med det.  Der stod ho klar til å laga verdas beste blodpudding.  Med sukker, nellik og allehånde, oppbløytte byggryn og masse rosiner.  Og så laga ho blodkaker.  Melkekaker der halvparten av melka var bytta ut med blod.  Me begynte å glè oss til

"mellommat" (i tretida på ettermiddagen) med ein gong me kjende lukta!  Finnes ikkje noko så godt som nysteikte blodkaker med Tante Tora på Spøssøynå sitt smør og masse sirup!


Då Farmor var i 50-åra starta Stavanger Preserving med hermetikkfabrikk heime. Og ho fekk arbeid i boksesorteringa. Etter at boksane hadde vorte hermetiserte i store dampekar vart dei tømde ut på eit bord der det stod 5-6 kvinnfolk og sorterte vekk

dei det var kommen bulk i - eller "bonk" som det heitte på vår dialekt.  Desse "bonkaboksane" fekk dei ansette kjøpa for ein billeg pris.  Og du steike meg så godt det var (og er) med sardiner i olivenolje!


Farfar var ein liten sprett. Under 1.70 høg og tynn som ein strek.  Han hadde hatt tuberkolose på 50-talet og hadde vel mista mykje då, tenkjer eg.  Men han var seig som eit gammalt skinn.  Gjekk i fullt arbeid som skytebas i kalkgruvene på Moster og dreiv småbruk ved sida av. Ei ku, ei kvige og ein kalv, 8-10 sauer og høns nok til

egg både til eige bruk og litt småsalg.  Så det var tidleg opp og seint i seng.  Han fekk nok eit rolegare liv då gruvene vart nedlagde og han fekk jobb i Vegvesenet som vegvaktar.  Tusla rundt på sykkel med ein spade på bagasjeberaren og spadde ny grus

i slaghola på veiene rundt omkring.


Der Farmor helt baluba slik som bare ho kunne, var han stille og roleg.  Men han hadde sitt han òg. Som å gå til "Havn" for å vekkja ein liten trave midt på natta og ta han med seg til Serklaug for å vera med å lysa krabbe. Det var like kjekt kvar gong sjøl om ein heldt på å sovna på på vegen og i båten. Elles hugsar eg han vel

best når han sat i godstolen i kveldinga med Haugesunds Avis og svòr over dei dårlege resultata til Haugar og Vard.  For fotball var det heilt store. Og etter at dei fekk TV var tippekampen det store høgdepunktet hans kvar helg. Du kunne snakka til han, ropa til han, ja simpelthen gaula til han.  Han høyrde ikkje eit ord, bare

kommenterte kampen for seg sjøl.  Eg har faktisk opplevd å sjå at han ramla ut av stolen fordi han tokka seg nærare og nærare fjernsynet når det var på det mest spennande!


Det var vel veldig ofte han som var i skòtlinja når Farmor fant på eit eller anna. Ugløymeleg er det i alle fall for meg når Farmor serverte nysteikte melkekaker og me sat benka rundt kjøkenbordet.  "Kan eg få ei melkekaka?"  spurde Farfar.  "Ka ska`du ha på?"  svara Farmor.  "Smør og siråp, men eg kan smørja sjøl..."  sa ha.  "Ska`

smørja te` deg eg."  sa Farmor.  Han burde jo kjenna henne så godt at han forstod kva som kom, men vart litt lang i maska når han plutseleg sat der med ei halvvarm melkekake midt i ansiktet og smør og sirup rennande nedover.  Einaste kommentaren?

"Jaja...."  før han gjekk bort i vasken og vaska seg.  Og flirte heilt til øyrene når han kom tilbake til bordet.


Det var nokre høgdepunkt på Grønås. Når onklane mine kom heim frå sjøen - dei var sjømenn to av dei og hadde alltid noko lurt med seg frå den store verda.  Og så høyonna.  Graset vart slege med handmakt og det var ungane og kvinnfolka sin jobb å raka det sammen og få det opp få hesjene.  Då skal eg lova deg det var lått og løye! Rett som det var måtte ein jo bryta av og leika litt.  "Tikken" (sisten) til dømes.

Farmor sprang med oss ungane til ho var heilt utpest!  Og når høyet var turt skulle det i hus.  Også med handamakt.  Det var ein nabo som sa: "Ola`en bère så store høybøre at da e bere føtene og øyrene så stikke fram!"  Så sterk var Farfar om han var spinkel.


Og melkekakene?  Her er oppskrifta:


Du tar tre egg, 1 liter mjølk,  ei spiseskje sukker og 430-450 gram mjøl. Egga piskast saman med mjølka og sukkeret før du har på mjølet. Røra lar du stå ei god stund, gjerne over natta, for å hindra at det blir klumpar. Så skal dei steikas på takke eller steikepanne til dei vert gyldne og fine.


Kjempegodt!


Kosa dåke! :)


Jahn


.